<tilbake
Fra nr. 4 - 1999:
Busetnad og næring på Gausel i eldre og yngre jernalder

Av Gro Anita Bårdseth

Gausel-prosjektet har avslutta sin andre og siste feltsesong. Gjennom to år har arkeologar undersøkt og dokumentert over 21 mål. Innanfor dette området er det registrert spor etter minst 15 hus og bygningar frå eldre og yngre jernalder, eit titals graver, restar etter gamle åkrar og ardspor. I tillegg kjem fleire tusen gjenstandsfunn og naturvitskaplege prøver. Eit slikt mangfald av kulturminne, bevart i sin opphavlege kontekst, er ikkje kvardagskost for arkeologar. Dette opnar for å studere og å samanstille sosiale, økonomiske og politiske tilhøve i det forhistoriske samfunnet. Gausel-prosjektet gjev på denne måten ny innsikt i og kunnskap om jernalderen, både i Rogaland og i resten av landet og i Norden generelt.

Materialet frå fjorårets feltsesong (1998) er no ferdig handsama og føreligg saman med naturvitskaplege analysar og dateringer av trekol og makrofossil. Denne bakgrunnen, saman med dei førebelse resultata frå årets utgraving gjer at vi allereie no kan presentere spennande resultat! Artikkelen fokuserer på busetnad og næringsgrunnlag på Gausel i jernalderen. Gravene vert omtala i ein eigen artikkel i dette nummeret av Frá haug ok heidni.

Busetnad i eldre og yngre jernalder
Dei forhistoriske husa på Gausel fordelar seg i hovudsak til to område. Det eine området ligg like vest for Gauselskogen( omlag 35 m. o. h.). Det andre området ligg høgare oppe, mot Husaberget (omlag 55 til 75 m. o. h.). Herifrå har ein vidt utsyn, både søraust til Sandnes og nordover ut Gandsfjorden. Frå Husaberget har ein og utsikt vestover til Hafrsfjord. I nordvest ser ein rett over til jernaldergarden på Ullandhaug.
Busetnaden skriv seg i hovudsak frå eldre jernalder (omlag 500 f. Kr. til 600 e. Kr), medan eit hus, truleg to, har hatt ei brukstid i merovingertid/vikingtid (omlag 600 - 1050 e. Kr.). Husa har vore av den tradisjonelle stolpeborne typen. Dei har hatt eit indre reisverk av tre, beståande av grinder, bundne saman med langsgåande åser. Denne grindkonstruksjonen har bore taket. Til trass for at husa er bygd etter dei same prinsippa, varierar dei mykje både i utforming og i val av tekniske løysingar.

Eldre jernalder
I førromersk jernalder (omlag 500 f. Kr. til Kr. f.) og i romertid (omlag Kr. f. til 400 e. Kr.) ser det ut for at flettverksveggar har vore vanlege. Desse består av eit sett stolpar, i faglitteraturen omtala som veggstolpar, som markerer omrisset til huset. Tverrmålet til veggstolpane ligg gjerne rundt 10 cm, og dei har stått med eit mellomrom på omlag 50 cm. Vidjer og greiner har vore fletta kring stolpane, med leirklining imellom. Minst fire av husa på Gausel har bestått av ein grindkonstruksjon med ytre flettverksvegg. Dette gjeld m.a. dei tre husa vest for Gauselskogen som er daterte til førromersk jernalder. Dateringene er utførte på forkola korn frå stolpehol. To av desse husa er tolka som smier og vart omtala i Frá Haug ok Heidni i fjor (Bårdseth 1998).


Arkeologane i arbeid med å undersøke gardsanlegget frå folkevandringstid.

Gardsanlegg frå folkevandringstrid
I folkevandringstida (omlag 400 til 600 e.Kr.) endrar den ytre utforminga av husa seg. Tre av husa har dateringer som fell innanfor denne perioden, og samtlege av desse har hatt ytre veggar av stein, slik det m.a. er kjent frå jernaldergarden på Ullandhaug og frå ei rekke andre gardsanlegg rundt om i Rogaland. Husa ligg relativt samla på flata nedanfor Husaberget. Rommet mellom husa utgjer eit tun eller eit gardsrom. Ein rest av eit steingjerde i overkant av husa tyder på at gardsrommet og husa har vore inngjerda. Mellom to av husa går ein slags steinstreng som delvis er dekka med flate heller. Kanskje han fungerte som gangveg mellom husa? Eit av husa har èin sentraleldstad, og denne bygninga har truleg vore bustaden. I eit anna hus låg eldstadar på rekke og rad i midtskipet. Nokre eldstadar er grave ned i undergrunnen. I desse var veggane og botnen fôra med trevirke. Andre eldstader er av den meir tradisjonelle typen med steinsetting rundt og med trekol og skjørbrente stein i midten. Til ein eldstad fører ei steinfôra grøft. Ein kan tenke seg at ho har sikra ein regulert strøm av luft inn til eldstaden for å gje ein jamn temperatur. Ein skal heller ikkje sjå vekk i frå at kald luft som er tilført frå utsida av huset også gav eit betre inneklima med mindre røykfylt luft. Eldstadane ligg i ulike nivå, og det er derfor klart at ikkje alle har vore i bruk samstundes. Det høge talet på eldstadar, saman med dei ulike typane, fortel likevel at dette huset har romma særskilte funksjonar utover ein vanleg bustad. Det siste huset i gardsanlegget har berre to ytterveggar bevart, og ut frå dette er det uråd å seie noko om funksjon.
Samtlege av husa i gardsanlegget har vore gjennom fleire byggefasar. Arbeidet med å skilje ut dei ulike fasane er enno ikkje ferdig, derfor er det vanskeleg å gå inn på detaljar omkring konstruksjon og utforming av husa.

Hus 11
Forutan dei to hus-typane som er nemnt over; stolpeborne hus med flettverksvegg og stolpeborne hus med steinvegg, føreligg enno ein type, representert ved hus 11. Ei kraftig veggrøft markerer omrisset til dette huset. Sideveggane er svakt boga medan endeveggane er rette. Fleire snitt i veggrøfta viser at ho har vore dobbel, d.v.s. at ho består av to mindre grøfter som ligg like inntil kvarandre. Huset er i overkant av 20 meter langt, og med ei største innvendig breidde på omlag 6,5 meter. På same måte som i dei andre husa har også dette vore stolpebore, men den utvendige konstruksjonen er framleis uklar. Den førebelse tolkinga tek utgangspunkt i ein konstruksjon basert på fem grinder. Avstanden mellom grindene (i huset si lengderetning) er relativt liten i endane på huset (1,80 meter i sør og 2 meter i nord), medan avstanden mellom grindene i midten av huset er 3 og 4 meter. Dette gjev eit stort opphaldsrom, og her er også sentraleldstaden plassert. Breidda til grindene varierer mellom 2 og 2,3 meter, som betyr at midtskipet har vore relativt smalt. Ein kan kanskje tenke seg at noko av vekta frå taket er ført over til veggane, og at dette kan vere forklaringa på kvifor veggrøfta er dobbel?
I hus 11 er det også mulig å skilje mellom bustad- og fjøsdel. Bustaddelen er i den øvre enden av huset, der sentraleldstaden ligg. I den nedre delen av huset ligg ei rekke mindre stolpehol som truleg skriv seg frå stolpar til båseskiljer. I denne delen av huset finst ingen eldstadar, og på den vestre langveggen er det spor etter ein utgang som fører ut til eit område som ikkje er rydda for stein. Det er nærliggjande å tenke seg at dette er ein del av utmarka der dyra beita.
Vi har enno ikkje fått svar på nokon dateringsprøver frå dette huset, men rette endeveggar saman med boga sideveggar indikerer ein bruksfase i yngre jernalder. Hus 11 ligg dessutan like ved sidan av huset som er datert til merovingertid, som er første del av yngre jernalder. Den førebelse tendensen i busetnadsutviklinga på Gausel er då også at samtidige hus og bygningar ligg samla. Det er derfor lov å gisse på at hus 11 kan ha stått samstundes med at Gauseldronninga eller smeden som vart gravlagt i båtgrava budde her!



Hus 11. Den mørke veggrøfta markerer omrisset til huset.

Husoffer
I den vestre sideveggen til hus 11 låg nokre skår av keramikk. Keramikken er av den grove, uornerte typen som er vanleg å finne på buplassar frå jernalderen i Rogaland. Fleire av skåra kan settast saman. Truleg stammar alle skåra frå same leirkaret, men dei er ikkje mange nok til å utgjere heile krukka. Keramikken er truleg lagt ned som eit offer i samband med oppføringa av huset.
Frå fleire av husa på Gausel er det funne både enkeltskår og større deler av leirkar i stolpehol o.l. I to av husa frå folkevandringstid forekjem det forbausande ofte fyllittskifer tilhogd i ei rund, flat form (omlag 25 - 30 cm i tverrmål) i stolpehola for dei takberande stolpane. Fyllitten kan sjølvsagt ha ei funksjonell forklaring, men det er grunn til å stille spørsmål til regulariteten i nedleggingane, og kvifor ikkje ein vanleg gråstein kunne gjere jobben som kilestein?
Fenomenet med nedleggingar av keramikkskår, men og andre gjenstandar, både i stolpehol og i veggrøfter er vanleg gjennom heile jernalderen. Ofringar og votivgåver, både av gjenstandar, mat, dyr og truleg menneske og, forekjem gjennom alle delar av forhistoria. Keramikkskåra i hus 11, saman med dei andre nedleggingane i stolpehol, veggrøfter o.l. på Gausel må sjåast i samanheng med denne tradisjonen.

Lokalisering av husa
Parallelt med dei endringane eg har skildra i utviklinga av husa, ser det og ut for å vere ei endring i lokalisering, men og i orientering av dei. Den eldste registrerte busetnadsfasen, førromersk jernalder, er representert ved husa vest for Gauselskogen. Den yngre busetnaden, frå romertid og folkevandringstid, er lokalisert på flata nedanfor Husaberget. Den hittil yngste registrerte busetnadsfasen er representert ved huset frå merovingertid og forhåpentlegvis hus 11. Desse husa ligg like vest for gardsanlegget, i utkanten av flata nedanfor Husaberget.
Som ein førebels konklusjon kan ein derfor seie at lokaliseringa av husa endrar seg i løpet av jernalderen. I førromersk jernalder nytta ein området vest for det som i dag er Gauselskogen, medan ein i yngre periodar flytta husa lengre oppover mot Husaberget. Denne endringa kan kanskje knyttast til funksjon. To av husa ved Gauselskogen er m.a. tolka som smier, medan dei yngre husa i større grad kan knyttast til busetnad og fjøsdrift.
Samstundes med endra lokalisering skiftar husa også orientering. Medan husa frå førromersk jernalder i hovudsak er orienterte NNA-SSV, er dei yngre husa orienterte meir N-S. Orienteringa av husa kan truleg tilskrivast heilt lokale vind- og vêr tilhøve, og treng ikkje ha ein samanheng med funksjon e.l.



Graver og hus som er avdekte på Gausel i 1997-1999. Grafikk Ragnar L. Børsheim.
Trykk på bilder for større versjoner.

Busetnad, åker og utmark
I tillegg til spor etter busetnad har vi registrert fleire område med spor etter arding og rydningsrøyser, og enkelte stader er og restar av den gamle åkeren bevart. I denne samanhengen er det særs interessant å samanstille utbreiinga av åkerdrifta med lokaliseringa til busetnaden. Resultata så langt peikar på eit klart skilje mellom desse to funksjonane. Dette er særskilt tydeleg på flata nedanfor Husaberget. Tendensen i dette området er at husa frå folkevandringstid og yngre jernalder konsentrerer seg til eit avgrensa område, med åkrar og utmark rundt. I området vest for hus 11 er det og tydeleg forskjell mellom rydda og urydda mark. I områda som er rydda for stein finn ein ardspor, medan dei er fråverande i områda som ikkje er rydda.
Makrofossil- og pollenprøver er viktige supplement i tolkinga av åkerdrift innanfor dei ulike periodane. Dei førebelse resultata, både frå pollen- og makrofossilanalysene, viser at ein har dyrka bygg og havre. Forkola frø frå smalkjempe er og godt representert. Denne planten trives godt på beitemark, som tyder på at det er drive dyrehald på Gausel. Ein reknar med at husdyrhaldet har vore ein viktig faktor i økonomien i jernalderen.

Økonomiske, sosiale og politiske tilhøve
Kva kan busetnad og næring, slik det er skildra her, fortelje oss om økonomiske, sosiale og politiske tilhøve i jernalderen på Gausel? Eg har allereie vore inne på at særskilte hus har fungert som bustad og fjøs, men og at dei kan ha husa spesialiserte funksjonar som smiing. Smiene vest for Gauselskogen tyder på ein inngåande kunnskap om handsaming av jern, men og om eit behov for reiskap, våpen, husgeråd o.l. Kanskje har smiing vore eige yrke allereie tilbake i eldre jernalder? Utskiljing av smiene i eigne bygningar gjev i alle høve ein klar indikasjon på at jernet saman med smiing har hatt ein viktig plass i samfunnet i jernalderen. Smeden som er gravlagt i ein båt på Gausel tyder i alle fall på at smeden hadde ein viktig posisjon i vikingtid.
Båtbyggaren kunne vere ein annan fagarbeider. For å bygge båtar krevs det m.a. inngåande kunnskap om trevirke og handsaming av tømmer. Det er kjent tre båtgraver frå Gausel. Desse viser at båten var ein viktig del av livet til menneska i jernalderen, også i det hinsidige. Båten understrekar og at kommunikasjon til sjøs var sentralt. Sjøen var den viktigaste ferdselsåra som batt folk saman og som var grunnlaget for handel og kontakt. Gravgodset til Gausel-dronninga syner at ho hadde oversjøiske kontaktar. Seletøy, beslag til relikvieskrin og drikkehorn kom frå Irland, ein ring av jet, som er ein kostbar bergart, kom frå England, og ho hadde perler som var produserte i utlandet (Børsheim 1997). Menneska i jernalderen fekk ei rekke nye impulsar gjennom den oversjøiske kontakten. Dette gav seg utslag både i gravskikk, klesmote, men truleg på ei rekke andre område og.
Bonden utgjorde kanskje den største yrkesgruppa på Gausel. Åkrane og ardspora fortel at samfunnet på Gausel dyrka korn, men truleg hadde dei andre avlingar og. Dersom veksttilhøva var gode var kanskje korn ei handelsvare som dei bytta til seg mot råjern frå fjellbygdene inne i Ryfylke, Telemark eller frå Agder-fylka?
Organiseringa av husa, særskilt i folkevandringstid (gardstun) tyder på at mange menneske budde saman. Hovudmengda var nok i slekt med kvarandre, men kor vidt dei organiserte seg i familiar slik vi gjer i dag, veit vi heller lite om. Det var nok mykje hardt arbeid både med heim og gard, og ein kan tenke seg at dei som budde her hadde mange arbeidsoppgåver. I yngre jernalder var også slavar og slavehald utbreidt. Det er likevel vanskeleg å seie noko om storleiken til bueiningane på gardane, om kjønnsrollemønsteret og arbeidsfordelinga ute og inne.
Dei førebelse resultata frå Gausel viser framveksten av eit spesialisert og avansert samfunn. Busetnaden og næringsgrunnlaget slik det er skildra her, saman med gravene, tyder på at Gausel og har spelt ein sentral rolle på den politiske arenaen i jernalderen i Rogaland.


Litteratur
Børsheim, Ragnar L. 1997: Nye undersøkelser i Gauseldronningens grav. Frá haug ok heidni. Nr. 4 1997.
Bårdseth, G
ro Anita 1998: Blant smedar og storfolk på Gausel - dei førebelse resultata frå årets utgraving. Frá haug ok heidni. Nr. 4 1998.

<tilbake