| <tilbake |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Fra
nr. 4 - 1998: |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Blant
smedar og storfolk på Gausel
- dei førebelse resultata frå årets
utgraving
Av Gro Anita Bårdseth
Stavanger kommune sine
planar om nytt boligfelt på Gausel var bakgrunnen for den arkeologiske
undersøkinga på Gauselbakken i år. Planane omfattar m.a.
750 nye bueiningar, nytt vegnett og friareal. Innanfor utbyggingsområdet
er det registrert både gravhaugar og spor etter forhistorisk busetting.
Med fjorårets arkeologiske utgraving friskt i minnet, der m.a. Gauseldronninga
si grav vart gjenfunne, hadde vi derfor høge forventingar til årets
feltsesong. Og forventingane vart innfridde, og det til gagns!
Gausel - Noregs største
arkeologiske prosjekt i 1998
Storleiken til det nye boligområdet, kombinert med forventingane våre
til funn av ulike slag, er årsaken til at dei arkeologiske undersøkingane
på Gausel er fordelt over to feltsesongar. Årets utgraving var
såleis den første i rekka. Arbeidet tok til i midten av juni
og vart ikkje avslutta før i byrjinga av oktober månad. På
det meste var 20 arkeologar og arkeologistudentar i arbeid. Totalt har over
30 personar vore engasjerte eller tilknytta undersøkinga. Utgravinga
på Gausel var såleis det største arkeologiske prosjektet
i Noreg i år, både med tanke på arealet som skulle undersøkast
og storleiken til budsjettet.
Graver og forhistoriske
hus på Gausel
I år har vi avdekka og dokumentert over 9 mål. Innanfor dette
området har vi funne restar etter minst 8 forhistoriske hus og ei grav.
For fleire av husa har det i tillegg vore mulig å skilje ut to eller
fleire byggefasar. I og rundt desse husa har vi funne hundrevis av leirkarskår,
ein handfull bryner, underliggarar til fleire skubbekverner og ein malestein.
I gravrøysa fann vi m.a. ni glasperler, deriblant ei mosaikkperle,
hestetenner, eit spinnehjul, eit linhekle i jern og eit 20-tals jernnaglar.
Vi fann også fleire stykker jern som var svært korroderte. Dei
tekniske konservatorane på Arkeologisk museum i Stavanger er enno ikkje
ferdige med å handsame desse. Det er derfor for tidleg å seie
kva gjenstandar dette kan dreie seg om. Kombinasjonen av gjenstandar tyder
på at grava er frå merovingertid eller vikingetid. Perlekjedet
og handarbeidsreiskapen har kanskje tilhøyrt ei kvinne? Etter at røysa
var gravd ut, viste det seg at den var bygd på restane av ei forhistorisk
tuft. At ruinar har vorte nytta sekundært til gravleggingar kjenner
ein til frå fleire stadar. Eit døme kan vere gardsanlegget Storrsheia
av Store Svela og Vigeså i Bjerkereim.
|
|
|
|
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Arkeologistudent
Rune Idsøe viser stolt fram millefioriperla han fant i grava.
Foto: Gro Anita Bårdseth.
Innfelt bilete av perla: Tønneforma mosaikkperle. Dekoren er pålagt
og deretter innsmelta eller nedslipt. Slike perler opptrer oftast i kvinnegraver
frå merovingertid, og dei er kjent frå
graver i heile Skandinavia. Foto: Lasse Jaksland.
|
|
|
|
|
|
|
Smiene
Tre av husa ligg i skråninga direkte vest for Gauselskogen. To av desse
har etter alt å døme vore smier, eller delvis nytta som smier.
Midt i det eine huset ligg ein mest fem meter lang stein- og leirkledt eldstad.
I og rundt denne eldstaden fann vi smieslagg. Dette tyder på at eldstaden
har vore nytta som esse. I undergrunnen rundt denne essa fann vi avtrykk frå
ei rekke små og skråstilte stolpar. Desse stolpane kan ha tilhøyrt
ein konstruksjon som har vore nytta i samband med essa. Kanskje har den bore
blåsebelgen? Storleiken til essa tilseier at huset ikkje kan ha romma
så mange andre funksjonar, som t.d. bolig eller fjøs. Dette skulle
i så fall tyde på at smia er skilt ut som eiga bygning, og at
smiing har vore viktig. Frå Rogaland og Sør-Noreg generelt kjenner
ein til svært få smier av denne typen. Vi har enno ikkje fått
svar på kolprøvene som kan datere smia. Men utforminga av bygninga
tilseier at den kan vere oppført i løpet av eldre jernalder.
Ikkje langt frå smia fann vi restane av eit anna hus som innehaldt ein
slags leirkledd omn med smieslagg. På grunn av den tette vegetasjonen
var det ikkje mulig å avdekke heile huset. Det er derfor uvist korvidt
dette huset kan ha vorte nytta til andre aktivitetar. Men at smiing har forekome
på eit tidspunkt er i alle høve sikkert. Denne omnen er tatt
inn til Arkeologisk museum i Stavanger, og skal gravast ut der. På denne
måten kan vi på ein forsvarleg måte sikre oss at verdfull
informasjon ikkje går tapt.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
|
|
|
|
Ved
hjelp av gravemaskina til Edvard Aarrestad gravde vi ei grøft rundt omnen.
Omnen vart deretter bygd inn i trekassa og frakta til Arkeologisk museum i Stavanger.
Rikard Larsson, Bitten Bakke og Catinka Bogarp frå teknisk avdeling styrte
operasjonen. Foto: Gro Anita Bårdseth.
|
|
|
|
|
|
|
Hus i stein
Dei andre husa ligg på toppen, eller opp mot toppen av Gauselbakken.
I høve til smiene nede ved Gauselskogen og i høve til dei fleste
forhistoriske hus som er undersøkte i Rogaland dei siste 20-30 åra,
består dei ikkje utelukkande av ein grindverk-konstruksjon, men har
i tillegg vore delvis oppbygde av stein!
Restane av det eine huset (hus I) stod tydeleg fram då vi fjerna matjorda.
Omrisset var markert av ei steinfylt grøft. Denne har truleg vore fundamentet
for ein ytre plankevegg. Ein tilsvarande konstruksjon kjenner ein m.a. til
frå eit naust på Stend i Hordaland. Like innanfor denne steingrøfta
er det avtrykk etter ei stolperekke som kan ha bore ein indre lettvegg. Dette
betyr at huset kan ha hatt doble veggar.
|
|
|
|
|
|
Doble
veggar er kjent frå fleire forhistoriske hus i Skandinavia. Inne i huset
fann vi avtrykk etter stolpane som har bore taket. Huset har vore delt av ein
skiljevegg. Midt i den øvre enden av huset ligg ein fin hellegang. Vi
veit enno ikkje kva funksjon denne kan ha hatt. I den nedre delen av huset ligg
eldstaden. Bygninga kan såleis ha vore nytta til ulike aktivitetar. Vi
har enno ikkje fått svar på trekolanalysene. Førebels kan
vi derfor ikkje gje ei nøyaktig datering av huset. Den byggtekniske utforminga,
samt fråveret av keramikk i og rundt dette huset, tyder imidlertid på
at bygninga kan ha vore i bruk i yngre jernalder, eller i overgangen mellom
eldre og yngre jernalder. |
|
|
|
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Slik
såg hus I ut etter at vi hadde fjerna matjorda og rensa det fint fram.
Foto: Jan Aakvik. |
|
|
|
På toppen av Gauselbakken
ligg ruinane etter to andre delvis steinbygde hus. På same måte
som for hus I har også desse hatt eit indre reisverk av tre, og med
veggrøfter og/eller heile veggar i stein. Vi er enno ikkje ferdige
med å grave fram desse bygningane. Men dei førebelse undersøkingane
tyder på at det eine huset kan ha hatt ei lengde på over 40 meter!
Dersom denne tolkinga er korrekt, vil dette i så fall vere ei av dei
største forhistoriske bygningane som er avdekka i Rogaland til no!
Dei førebelse dateringane tyder på at desse husa har vore i bruk
i overgangen mellom eldre og yngre jernalder. Vi har m.a. funne spannforma
keramikk. Denne typen er vanlegast i folkevandringstida. Det eine av husa
har rette endeveggar og svakt boga sideveggar. Dette er eit trekk som er vanleg
i yngre jernalder. Vi har også funne restar etter fleire stolpebygde
hus, utan steinkonstruksjonar av noko slag.
Frå mellomalderen og heilt opp i vår tid finn ein ofte at sakrale
og offentlege bygningar både har ei monumental form og at dei er oppførte
i stein eller anna haldbart materiale. Det er derfor grunn til å spekulere
i kvifor dei som førte opp husa på Gauselbakken kosta på
seg å bygge i stein, og om dei store husa har romma spesielle funksjonar?
Frå Gauselbakken er det godt utsyn både innover til Sandnes og
nordover ut Gandsfjorden. Vestover har ein utsikt til Hafrsfjord. Dei som
haldt til på Gausel har såleis budd svært strategisk til,
og kunne kontrollere både skipstrafikk, handel og anna ferdsel. Er det
storfolk, med sterke politiske og sosiale interesser som ein gong har budd
på Gauselbakken?
Utgravinga til neste år vil forhåpentlegvis avklare mange av desse
spørsmåla!
Litteratur
Myhre, Bjørn 1980: Gårdsanlegget på Ullandhaug I. Gårdshus
i jernalder og tidlig middelalder i Sørvest-Norge. AmS-Skrifter
4. Arkeologisk museum i Stavanger.
Vinsrygg, Synnøve 1979: Merovingartid i Nord-Noreg. Arkeologiske
avhandlinger. Historisk museum. Universitetet i Bergen. No. 2-1979.
<tilbake
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |